Sveip til neste sideBla med piltastene
Film

Fruktbart om natur­øyding

Hollywood slit med å finna tonen i klimasatire. Robin Jensen treffer skarpt med frekk filmsjarm.

Rapa Nui: Ein gong var steinane smykka til ein stor sivilisasjon, i dag er dei ein turistdestinasjon. Foto: Skjermdump frå filmen / Mikrofilm

Time of Plenty

(Noreg, 2026) Regi og manus: Robin Jensen Dokumentar/ 19 min./ engelsk tale/ Mirage ­filmfestival

Medan filmbransjen debatterer kva som gjekk gale med Tom Cruises og Alejandro González Iñárritus «Digger», har norsk festivalpublikum sjansen til å fryda seg over Robin Jensens «Time of Plenty». Det underhaldande og innhaldsrike filmessayet bruker knappe 20 minutt og ein brøkdel av budsjettet på å få fram ein klimakrisebodskap og kulturkritikk, som den drygt to timar lange Hollywood-satiren til halvannan milliard kroner slit med å få fram til publikum.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen