Helgenkongen
Alfiva nytta den same metoden for vitskapleg bevis som jomsvikingane.
Eitt år og fem dagar etter slaget på Stiklestad stod ei samling med storfolk og såg ned i kista til Olav digre, der loket nettopp var blitt teke av. Dei fleste syntest at han såg ut som han låg og sov, så raud var han var i kinna, og at hår og negler hadde vakse som på eit levande menneske. Berre den danske Alfiva meinte at det var fordi liket var grave ned i sand og ikkje i mold at det ikkje var meir oppløyst. Då tok biskop Grimkjel fram ei saks og stussa håret og mustasjen på den døde, så alle skulle forstå at det hadde skjedd eit himmelens mirakel.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

