Skalkeskjulet
Toppidretten dyrkar konkurranse, nasjonalisme og kapital – men viktigast: Han får oss til å sjå bort.

Eg er totalt uinteressert i konkurranseidrett. Eg kjenner avsmak på grensa til avsky for konkurranseidretten, iallfall for konkurransedelen. Fysisk fostring og kroppsleg utfalding er bra, men korfor skal dette vere noko å konkurrere om? Så har eg alltid vore uinteressert i fotball. Da eg var cirka to og eitt halvt år gammal, drog min normalt fotballinteresserte far meg med til Victoria-parken i Leicester, og plasserte ein raud ball framfor meg. Eg stod og såg på ballen, far ville ha meg til å sparke ballen. Han trilla nokre (få) meter framfor meg, eg granska han vidare, på avstand. Far skjønte at dette kom til å bli ein kamp som han var dømd til å tape.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
