Sankta Sigrid
Bilete som skaper mirakel, er sjeldan god kunst.
Nedst nede i eit skåp i eit støvete soverom i huset som stod tomt etter farmor og farfar, låg det eit uinnbunde, halvt oppløyst eksemplar av «Gymnadenia» og skrevde med opne sider. Eg samla dei opp som eit dyrebart oldtidsfunn og la dei andektig på eit bord. Den arkeologiske utgravinga stadfesta den munnlege overleveringa, det vil seia at farmor hadde sjølv fortalt meg at ho dumpa Sigrid Undset då katolisismen tok overhand. Men eg, som hadde arva dei samla verka i skinnband og gullsnitt til og med «Olav Audunssøn», var blitt så omvend av å lesa dei at det var rett før eg gjekk i kloster. Å oppdaga neste fase i forfattarskapen, fattig og fillete og på botnen av eit skåp, var nesten like underfullt som plutseleg å snubla over sandalane til Jesus.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

