Sveip til neste sideBla med piltastene
Essay

På ferie under fascismens framvekst

Du må ikkje sove. Men du må ikkje sove bort sumarnatta heller!

Saman om lengsla: Lengsla etter å sleppe bort frå alt som går meir eller mindre dårleg i verda. Her leikar barn under ei hetebølgje i Frankrike. Foto: Valery Hache, AFP/NTB

Det er like før ferien bryt ut, eller bryt inn, slår inn i livet og kvardagen og opnar opp det, for meg, nærast heilage rommet mellom slutten og starten på året, skuleåret, studieåret, pausen midt i, for dei som har ein «vanleg» jobb, denne lommen i tida, der vi ser heimstaden vår falle til ro ettersom andre drar, eller så drar vi sjølv, til ein annan plass, ved sjøen, på fjellet, i skogen, til ein annan by, for å sjå noko anna, høyre noko anna, kjenne noko anna, møte noko anna. Det rituelle avbrekket frå dagleglivet, som så ofte gir oss kjensla av å kome nærare – nærare verda, nærare kvarandre. Som eg lengtar etter dette, å kjenne sand under føtene, la kroppen flyte i vatnet, sjå sola på innsida av augelokka. Smørje små barnekroppar inn i solkrem, høyre lyden av leik som får strekke seg gjennom eit døgn uavgrensa av vekkarklokker og innetider. Sitje gjennom den lyse sommarkvelden, ha dei lange samtalane som får oss til å kjenne at vi høyrer til i vennskapa, familiane og forholda vår.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen