Talk fatigue
Sommaren er litteraturfestivaltid. Men er såkalla talks eigentleg der litteraturen lever best?

Dei færraste planlegg ein samtale, og i alle fall ikkje noko så uformelt som ein prat. Likevel er det denne sommaren igjen ein stor del av arbeidslivet mitt å delta i eller vere ordstyrar i talks. I høgsesong sit eg ofte på ei scene og snakkar med danske eller utanlandske forfattarar, til dømes om kvifor dei synest det var spennande å skrive om morskapet som ei gotisk forteljing eller om dei har tenkt over at forteljaren deira kan oppfattast som upåliteleg. Det kan vere på bibliotek eller festivalar, i bokhandlar eller på bokmesser, og det er mykje som er herleg ved å komme seg ut og snakke om litteratur. Men di meir eg gjer det, dess større blir tvilen min om forma: Når var det eigentleg sist nokon lytta til eller var med i ein verkeleg god talk?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn



