«Syndig» seksualitet
«Lillesøster» er ei klok og varm framstilling av identitetsskvis.

Lillesøster
(La Petite Dernière, Frankrike, 2025) Regi og manus: Hafsia Herzi basert på Fatima Daas’ bok Drama/ 1 t. 46 min./ Kino
Hafsia Herzis «Lillesøster» er ein roleg, men kraftfull start på pridemånaden. I sjangeren filmar om (skeiv) seksuell oppvakning, fyller fjorårets Queer Palm-vinnar eit tomrom i og med at hovudrolla er ei truande, muslimsk jente. Forteljinga er basert på fransk-algeriske Fatima Daas’ sjølvbiografiske roman «La Petite Dernière» frå 2020 og følgjer forfattarens alter ego – den skoleflinke fotballspelaren Fatima – frå vaktsam, sosial konformitet i arbeidarforstaden Clichy-sous-Bois til filosofistudiar og normbrytande studentfestar i Paris.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

