Den eigentlege heimefronten
«Vandringer til Falstad» løftar fram ein kvardagsleg krigshelt. Diverre druknar heilskapen i ein litt for omstendeleg detaljrikdom.

Vandringer til Falstad
Turnéteatret i Trøndelag og Ulvilla teater
Manus, regi og scenografi: Arnulf Haga
Komponist: Asgeir Skrove
Musikar: Øyvind Gimse
Med: Line Heie Hallem, Lavrans Haga, Oda Eggen, Tor Ove Hallem, Nils Hallem og Bjørn Erland Søderstrøm
Med dagens verdssituasjon er det meir enn forståeleg at forteljingane frå andre verdskrig framleis er aktuelle. I dag blir det heldigvis også løfta fram sider ved krigshistoria som lenge har vore ukjende, slik som kvardagen i den eigentlege heimefronten og den kampen dei mange anonyme kvinnene førte. Samstundes med å halde fortet heime med ungar og dagleg stell dreiv mange av dei med livsfarleg illegalt arbeid – utan å få korkje medaljar eller anerkjenning.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

