I grammatikken til Erna Solberg er hvilkene fleirtalsforma av hvilken. Eg skulle gjerne ha hatt eit heilt konkret døme å visa til, men de må nesten ta meg på ordet her. Eller spørja henne. At ho nyttar hvilkene i staden for hvilke, som er den forma ein finn i ordbøkene, tykkjer eg er veldig spennande – av fleire grunnar. For Erna er slett ikkje åleine. Eg gjorde akkurat eit søk på den norske delen av verdsveven (site:no), og fann då 136 tilfelle av hvilkene mot 407 tilfelle av hvilke. Kvar tredje fleirtalsform av hvilken – i skrift – bryt altså mot den preskriptivt korrekte forma. Det er noko å tenkja på for Fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet!