Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Noveller

Fugleferd

«Liten fugl» er lun og undrande, men litt uforløyst.

Liten dødsmaskin: Katten er nådeløs hos Donoso. Foto: Joel Johnson/Unsplash

Claudia Ulloa Donoso

Liten fugl

Omsett av Bente Teigen Gundersen

Les Bones Dones, 134 sider

Ved første augekast ser omslaget til Claudia Ulloa Donosos «Liten fugl» nesten nusseleg ut: lyserosa bakgrunn, vakre fjør som dalar i lufta, ein søt liten katt som tittar opp. Men etter eit par sekund skjønar ein at omslaget heller er illevarslande. Ein katt blant mange fykande fjør er strengt tatt ikkje eit godt teikn – for kor er eigentleg denne lille fuglen? Brått verkar katten mindre søt. Og rett nok, når ein opnar boka og ser tittelsida, blir varselet ekte: Her ligg ein liten fugl på rygg med beina i været. Blar ein om til første novelle, dukkar katten opp som det aller første ordet: Kokorito, sju kilo tung, som gong på gong drar inn torturerte småfuglar til eigaren. «Med sju liv i Amerika og ni på den skandinaviske halvøya gir Kokorito meg døden i gåve», slår forteljaren fast.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen