Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Molotov-journalistikk?

Sam Altman-nytt

Konsernsjef i Open AI vart sist veke portrettert som ein nok så tvilsam karakter i ein lang og mykje debattert artikkel signert gravejournalistane Ronan Farrow og Andrew Marantz i The New Yorker. Fredag arresterte politiet i San Francisco ein mann som hadde kasta ein molotovcocktail mot Sam Altmans privatbustad. I ein bloggpost i helga har ein sint Altman kommentert både artikkelen og valdsepisoden i ein post som langt på veg sidestiller og koplar fenomena saman. «Bilete har makt …» skriv Altman under eit foto av den bomba eigedomen til familien. «Ord har makt også», held han fram. «Det var ein brennbar artikkel om meg for nokre dagar sidan …» Altman sa seinare på X at «brennbar» var eit dårleg ordval. GK

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen