Heimert
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Rasmus Rohde og Ane Aass
Regi: Ane Aass
Scenografi: Gjermund Andresen
Med: Karianna Sommerro, Jon Vegard Hovdal og Tore B. Granås
Frå inntak av rusmiddel via naturlege endorfinar til rein eufori – menneska har til alle tider rusa seg. På godt og vondt er rusen ein viktig del av kulturhistoria vår. Turnéteatret i Trøndelag har difor latt Rasmus Rohde og Ane Aass skrive eit teaterstykke om ein del av ruskulturen som ser ut til å vere i ferd med å døy ut. Heimebrenning, eller «heimert» som ein seier i Trøndelag, var fleire stadar å sjå på som husflid, og mange i min generasjon har hatt sitt første møte med alkoholen gjennom kaffidokter eller karsk på grendehuset.