Ungdom og skriftspråk
Digital sosial skriving har sine eigne omskiftelege normer.
I dag, 18. februar 2026, disputerer Anya Vinichenko for ph.d.-graden ved UiT, som den første av fire stipendiatar tilknytte forskingsprosjektet Multilectal Literacy in Education (MultiLit). Eg har skrive om prosjektet tidlegare her i spalta (24. september 2025) og at me har samla inn ei rekkje ulike typar språkdata frå ungdommar på tre ungdomsskular i Noreg – ein på Vestlandet, ein på Austlandet og ein i Nord-Noreg. Anya var med på alle feltarbeida, og i avhandlinga si rapporterer ho gjennom tre artiklar frå noko av det ho var med på å samla inn. Her vil eg referera litt frå dei to første av dei.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
