Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Donorangst

«Solomamma» er eigentleg ein uforløyst skrekkfilm.

Tvilsam kvinne: Edith (Lisa Loven Kongsli) på veg under ein falskt premiss for å oppsøka donoren, som er far til sonene hennar. Foto: Ymer Media

Solomamma

(Noreg, 2025) Regi: Janicke Askevold Manus: Janicke Askevold, Jørgen Færøy Flasnes, Mads Stegge Drama / 1 t. 39 min. / Kino

Denne helga er det kinopremiere på Janicke Askevolds «Solomamma». Det er Askevolds andre spelefilm, og han kan tematisk seiast å vera ei vidareutvikling av debuten «Sammen alene» (2021), som handla om einsemd i parforhold. I «Solomamma» har hovudrolla Edith (Lisa Loven Kongsli) valt bort eller gjeve opp å finna fellesskap med ein partnar. Ønsket om å bli mor har vorte realisert med hjelp av sæddonasjon ved ein donorklinikk i Danmark. Stadig fleire norske kvinner har gjort som Edith etter at Bioteknologilova i 2020 vart endra, og single kvinner fekk rett til assistert befruktning. Omgrepet solomamma er opplagt meint positivt, eit ord som i kontrast til aleinemor tydeleg skal signalisera eit aktivt val.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen