Poetisk praksis
Julehøgtida er seg sjølv lik
ho kjem med eit sett reglar
for bruk av lys mellom menneske
med ein vegvisar for kvile i mørket
og ei enkel matordning for fuglar
dette treng vi å samlast om no
det står eit par korte langrennski
under epletreet
snøsørpe i sporet, det var vel for tidleg
det er vel for seint?
ein spettmeis kryp kvikt opp stamma
forbannar det tomme brettet
opnar nebb mot menneska som strenar forbi
har de gløymt oss?
veit de ikkje at den forvridde trakta søyr
no legg seg over vår jordiske bass bon vai
med si enorme kraft bon eve


