Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Reporter, ven og medmenneske

«Henden» er eit forsvar for journalistiske ideal.

Frontlina: Hamad Bakr med Harald Henden i Gaza 2014. VG-fotografen berga 14-åringen då ein israelsk rakett råka fotballbanen. Foto: Rune Thomas Ege, VG

Henden

(Noreg, 2025) Regi: Rune Denstad Langlo Dokumentar/ 1t. 17min./ Kino

Harald Henden (1960 – 2024) var Noregs mest kjende krigsfotograf i vår samtid og ein arketyp i faget. Ein singel mann kledd i bandana, cargobukse, reportervest med tallause lommer der sigarettpakken fekk rom i ei av dei, og med kameraet over aksla klar for oppdrag. Bagen med feltutstyr låg ferdig pakka på VG-huset der nestoren henta han før sitt siste utanlandsoppdrag 7. oktober 2023.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen