Finland vil kutta i støtta til filmkultur
Filmbransjen protesterar
Den finske filmbransjen er sjokkert over den konservative regjeringas budsjettkutt og fryktar «ideologiske motiv», skriv Variety. Nordiske filmprodusentar som SF Studios og Nordisk Film har rykka ut til støtte for finske filmskaparar etter at den finske regjeringa la fram eit statsbudsjett for 2026 der dei kuttar støtta til finsk film med sju millionar euro (over 81 millionar kroner). Ifølgje Finlands filmstiftelse kan kuttet innebera ei halvering av filmar som får støtte og berre rekka til «nokre få dokumentarar og kortfilmar og under ti finske langfilmar». Regjeringa grunngjev kuttet med at støtta var «næringsstøtte». Regissør Zaida Bergroth, som laga Tove Jansson-portrettet «Tove», seier til Variety at heile bransjen «er på alerten» og at kuttet «ikkje gjev meining, ikkje ein gong økonomisk. Eg vonar det ikkje er eit ideologisk kutt». Finsk politikk har gått mot høgre etter valet i 2023. Finske filmar har ein svært sterk heimemarknad og alle fryktar at ein krympa bransje no berre tør satsa på «sikkerstikk». GK
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn