Ei royal lidingssoge
Vil «The White Lotus» koma til Vestlandet etter dette?

Rebel Royals: An Unlikely Love Story
(USA, 2025)
Regi: Rebecca Chaiklin
Doumentar/ 1t. 41m./ Netflix
Det første vi høyrer, er Durek Verrett som over ein svart skjerm ber oss ta ein djup innpust. Det er i grunnen høgdepunktet i «Rebel Royals: An Unlikely Love Story». Regien og bilda blir aldri betre enn dette, portrettet av dei «opprørske kongelege» går aldri djupare. Og det er beint fram eit godt råd – oppsiktsvekkjande nær sunn fornuft frå nokon som promoverer koronamedaljongar og samarbeider med Gwyneth Paltrow om «helseråd» – å be publikum om å slappa av før det utlova sirkuset startar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn