Hor og straff
Peder blei kasta i fengsel og sat på vatn og brød i ein månad.
Den nittande februar 1839 kom lensmannen med to vitne til Peder på Nevland i Gjesdal for å krevja inn dei nitti spesidalarane han var dømd til å betala ekskona Sofia fordi ho ikkje orka vera gift med han lenger. Med sakskostnader på ti spesidalar i tillegg tilsvarte det prisen på minst tolv kyr. Så mange pengar hadde Peder ikkje, så lensmannen tok beslag i husdyr og innbu. Alt saman blei omhugsamt ført til protokolls, derfor veit me at han berre hadde sju kyr, og at to av dei heitte Pelekana. Dei fem andre heitte Knaprei, Sølvros, Lindokka, Flinkeros og Rosa.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn