Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Vegen til forsoning

Eit mektig, men litt for omfattande epos om sterke kvinner i ei tid med mykje ufred.

MYNDIG: Fru Guri (Iren Reppen) godtek ikkje ufreden som sonen Sverre (Mathias M. Rydjord) og dei andre mennene står for. FOTO: KURT SIVERTSEN

Fru Guri av Edøy

Gurisenteret, Smøla  

Av Peggy Kristine Kruse  

Regi: Tore B. Granås

Med: Iren Reppen, Paul-Ottar Haga, Siri Schnell Juvik, Mathias M. Rydjord, m. fl.

I samband med 800-årsjubileet for den vakre steinkyrkja på Edøy på Smøla skreiv Peggy ­Kristine Kruse, sjølv smølværing, eit spel som blei urframført i 1990. ­Teksten er fiksjon, men har den ­hundreårige ­borgarkrigstida på ­1100-talet som bakteppe. Spelet er sett opp i 30 av dei 35 åra sidan premieren, og blei etter kvart så populært at det i 2009 blei bygd eit stort og funksjonelt spelamfi rett nedom kyrkja. Fredag var det duka for årets ­premiere i eit uvanleg vakkert sommarvêr.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen