Rovdyrkapitalisme
Filmane om dinosaurane som blir vekte til live med uetisk bioteknologi, har vorte eit sjølvrefererande univers der originalfilmen har lidd same lagnad som fortidsdyra.

Jurassic World: Rebirth
(USA, 2025) Regi: Gareth Edwards Manus: David Koepp, basert på Michael Crichtons karakterar Actioneventyr/ 2t. 13min./ Kino
I 50 år har Hollywood sveitta fram mot sommarmånadane for å laga noko som kan nå opp mot Steven Spielbergs karrieredefinerande monsterdrama «Haisommer» frå 1975. Filmen sette ein ny og krevjande standard både for publikums forventingar til ein sommarfilm og for filmbransjens mål på suksess (diverre inkluderte ikkje suksesskriteria at komande filmar skulle kunne vekkja interessa til og bli analyserte av folk som den marxistiske kulturkritikarlegenda Fredric Jameson, slik Spielbergs film vart).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn