I Katlas buk

– Gratulerer som månadens poet! Kvifor var det nettopp ein voggesong, og ikkje til dømes ei nidvise, JD Vance trengte no?
– Han treng vel strengt tatt ein kraftig ørefik og eit par hårde ord om tingenes tilstand og hans eiga rolla i det heile. Men eg trur ein kan krype endå lenger innunder huda på den guten ved å gi han det han ikkje vil ha: Lett forvirrande satirisk-surrealistisk poesi med eit ørlite anslag av omsorg og håp. Vi kan jo ikkje gi heilt opp her, sjølv om ting eskalerer og er som dei er.
– Voggesongen din er dikta fritt etter «Brødrene Løvehjerte». Kan du seie litt om forholdet ditt til den boka?
– Det var favorittboka mi som barn! Mamma og pappa las den til meg, og så las eg den sjølv seinare. Ei fantastisk bok om samhald, søskenskap, kjærleik og dei gode og vonde kreftene som bur i oss menneske. Dragen Katla er for evig rissa inn i barnesjela mi på ein spektakulær og fryktinngytande måte. Så spørs det om det er JD Vance som er verkelegheitas Katla, og Donald Trump som er Tengil, eller omvendt.
– Kva slags forhold har du til boka til Vance, då, «Hillbillyens klagesang»?
– Eg tenkjer at han treng ei vikarierande oppvekstskildring. Eller ei alternativ forklaring – i diktform. Eg tenkte at det måtte finnast ein usynleg boge mellom Dennis the Menace-utgåva av Ayn Rand og gode Kavring i etterlivet. Ein noko innfallsrik boge, skulle det vise seg, som streifar innom både 17. mai, dei dødes dag og det faktum at det ser ut som om JD Vance brukar maskara, noko som gir ein fjærlett komikk til den aggressive übermacho erobrar-rolla visepresidenten inntek overfor Grønland og Europa. Gaslighting-metodikken som gjennomsyrer Trump-administrasjonen får også sitt utslag i diktet, der Vance får ein kval til å strande på kysten av ein stat utan kystlinje.
– Det er ikkje kvar månad juryen vel seg så dagsaktuelle dikt. Kva tenkjer du lyrikken kan tilføre den politiske samtalen? Og kva kan eventuelt politikken tilføre lyrikken?
– All dikting er politisk, anten det nemner politikken ved namn eller ikkje. Sjølv har eg alltid skrive dagsaktuelle dikt til Klassekampen. Eg meiner å hugse at det byrja med eit naudrim til Bendik Wold og Tom Egil Hverven i ein poesidebatt for sikkert femten år sidan. Det siste diktet eg hadde på trykk i Klassekampen, var eit bokstavrim om Ingvild Kjerkol. Men når ein skriv såkalla dagsaktuelle dikt, oppstår det eit problem. Det dagsaktuelle spring jo så inderleg fort frå oss. Berre på tida mellom eg skreiv dette diktet til no, har det hendt så mykje forferdeleg og dramatisk. Hadde eg fått beskjed om å skrive diktet i dag, hadde det blitt eit heilt anna dikt – eit mørkare dikt. Siglar dagsaktuelle dikt under poesiens falske flagg? Nokre vil kanskje hevde det. Eg er hyperaktiv og springande av natur. Nokre gongar lèt eg det berre stå til. Tidlaus poet er eg uansett ikkje. Til felles med Trump: Det hender eg smeller til på rein gut feeling. Det er ein av mine mange flatterande eigenskapar.
– Vil du tipse oss om eit godt politisk dikt?
– For meg er det alltid ‘En lesende arbeiders spørsmål’ av Bertolt Brecht, omsett av Georg Johannesen. Brecht er både avansert og heftig enkel, han er Arne Nordheim og Led Zeppelin på same tid. Utan at det kræsjar! ‘En lesende arbeiders spørsmål’ er hans ‘Stairway to Heaven’.
– Kva les du elles om dagen, då?
– «Indirect Light» av Malachi Black. Ei heilt eineståande diktsamling om livet i the suburbs i New York, om avhengigheit og om vennar tapt til opioidavhengigheit. For. Ei. Bok. Eg er halvvegs gjennom Shane Andersons «After the Oracle. Or: How the Golden State Warriors’ four core values can change your life as they changed mine». Så langt teiknar det til å vere ei catchy og eksistensiell sidelengs bekjennelsesperle, kamuflert som sjølvhjelpsbok. Truverdig, mørk og morosam.