Ayatollahens bokhylle
Når verda går av hengslane, ruslar notisredaksjonen rett til bokhylla for å orientere seg. Då USA gjekk inn i krigen mellom Israel og Iran, såg vi raskt etter relevant bakgrunnslitteratur – Ryszard Kapuscinskis reportasjebok frå revolusjonsåret 1979, «Shah of Shahs»? Stephen Kinzers «All the Shah’s men», med undertittelen «An American Coup and the Roots of Middle East Terror»? Før vi kom vidare, hadde ein artikkel i Weekendavisen sendt oss til ei anna bokhylle, nemleg ayatollah Khameneis. Ayatollahen har visstnok ein slags litteraturblog, der han skriv om (sjølv)biografiane til muslimske martyrar, men òg om vestlege litterære klassikarar. Vi leitar febrilsk, men fånyttes etter ei nærlesing av «Sataniske vers», men finn i det minste engasjerte lesingar av klassikarar som «Onkel Toms hytte» og «Familien Thibault» – vakre bøker med skrøpeleg moral! «Bøker er som drykk for sjela», siterer Weekendavisen ayatollahen på: «men nokre drykkar er skadelege». Og no over til Donald Trumps bokhylle...
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn