Poetisk praksis
eg går rundt på garden og leitar etter far min
ser i snekkerbua og i løa
finn eit dødt lam i den svarte bøtta utanfor døra
augene er borte, det er hol tvers igjennom
lammet har ei grå stripa over naseryggen og ein kvit flekk ved det eine øyra
resten av ulla ser ut som ei slitt og skitten handdukke
det er ingenting igjen å fylla kroppen med
eine beinet er gnagd reint for skinn
eg finn ikkje far min
han er ikkje i løa
ikkje i snekkerbua
han er ikkje her lenger
eg finn ikkje ein gong ein trebit han har spikka på