Sommaren vesterut
Det ligg ein lindrande dis over Kristin Auestad Danielsens nye roman.


Kristin Auestad Danielsen
på, over, inni
Samlaget 2025, 158 sider
Kvifor ikkje byrje med ein orgasme? Så er den saka ute av verda, og så vaknar både lesaren og Erla tidsnok til avreise. Erla har vore stressa, så ho tek strevet og gleda i eigne hender allereie før fuglane kvitrar om morgonen. Etterpå står ho opp og pakkar bilen full av bagasje til sommarferien ho skal på med dottera på sju, pakkar «mammating og dotterting å sysle med i solskin og dritver [...] nødvendige ting og festlege overraskingar». Saman skal dei køyre til Bergen for å ta Norrönabåten vesterut over Atlanteren til Færøyane, der Erla sjølv kjem frå, der storfamilien hennar bur, og der dottera skal få sjå kva mora har kome frå. Det er tida og vegen, men skuldrane er senka og stemninga sett for ein både slentrande og rådsnar roman.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn