Utstilt: «Bakervarer» er en tilbakevendende rekvisitt i «Audition». Foto: Joe/Unsplash
Katie Kitamura
Audition
Oversatt av Bjørn Alex Herrman
Pelikanen forlag 2025, 195 sider
Å si at en roman har et konstruert preg, er som regel ikke ment som et kompliment. I amerikanske Katie Kitamuras nyoversatte «Audition» står den beskrivelsen allerede på omslaget, i positivt fortegn; denne romanen er «briljant konstruert».
MANGFALD: Torild Wardenær viser fram artane sin eigenart – og samanhengen dei inngår i.
– Gratulerer som månadens poet! Og takk for at du får oss til å tenkje på Skyggespindelhinne. Kva slags sopp er det?
– Skyggespindelhinne er ein nedbrytarsopp, sterkt utryddingstrua, fordi urskog, som den framleis finst i, også er sterkt trua. Nedbrytarane, blant anna sopp, omdannar dødt organisk materiale til nytt levande materiale og spelar ei ekstremt viktig rolle for det økologiske samspelet på jorda.
– Diktet er det første i «Eks jordisk», ei bok med dikt om eller til artar på raudlista – jerv og brugde, navlejordstjerne og elfenbenslav. Kva gjer at Skyggespindelhinne kallar fram eit heilt dikt, medan til dømes reliktslørsoppen berre blir nemnd?
– I «Eks jordisk» opptrer 1964 artar med norske namn (av totalt 2878 utryddingstrua artar), i kategoriane «Kritisk trua», «Sterkt trua» og «Sårbar». Desse artane figurerer på sidene til venstre i boka. Alle er nemnt, men berre eit utval kunne rimelegvis bli til dikt i boka. Valet av artar har fleire grunnar. I Skyggespindelhinne er det fordi det i språket, som i soppverda, finst sambandslinjer. Skogbotnen er nesten overalt gjennomvevd av mycel, tynne sopptrådar. Språkets ibuande assosiative natur gjer namnet Skyggespindelhinne fruktbart på den måten, fordi ordet viser både til arten og til det skøyre edderkoppnettet og til utforminga av vår eigen hjerne, hinnene og spindelvevshinna der, altså som del av organet vi er i stand til å tenkje med. Poesien kan uttrykkje desse samanhengane, ikkje berre i diktarisk klage, men samstundes i eit aktivistisk anslag. Artane som det blei dikt av, peikte seg elles ut på ulike måtar. Det kunne vere artens eigenart og morfologi, habitatet den er i eller det norske namnet. Ofte oppstår ein affinitet under skrivinga, til mytologi, kunst, vitskap, historiske og globale hendingar. På den måten tek dikta opp i seg ulike motiv, som saman med den overordna tematikken peikar mot eit utsett biologisk mangfald.
– I diktet står det om «ords sammenfall» og «organismers bortfall». Er det ein samanheng her?
– Det får meg til å tenkje på at ’ords sammenfall’ kan minne om retorikken i enkelte politiske avgjersler, og at ‘organismers bortfall’ i mange tilfelle har vore konsekvensen av ei ukritisk forvalting av artane og habitata deira. Denne erkjenninga står sentralt i tekstane, men samstundes er dette poesi. Poesien er ein høgst elastisk sjanger, som kan gjere radikale brot med konvensjonane. Ein sjanger som tillèt seg fritt å utvide assosiasjonsfelt, å polemisere, å drive med elegi, å gjere ekskursjonar til alle moglege og umoglege emne for å hente stoffet sitt, men som likevel, i form og konvensjon, stiller krav til betydingstettleik, samanheng og stringens.
– Kven eller kva hentar du driv og inspirasjon frå?
– Inspirasjon, av latinsk «inspirare», altså «pusta til» av gudane. Og kva slags gudar om ikkje sjølve livskreftene som understør alt: naturen, vitskapane, kunsten, politikken, metafysikken, verdshistoria, kvardagane. Klassekampens sjenerøse, men avgrensa spalteplass toler ikkje detaljerte utleggingar, så svaret ovanfor er ein hyperkort versjon av kva som «pustar til meg» og kan føre til kreativitet og driv. Men når det gjeld driv, gjenstår ei krevjande økt. Berre ein kombinasjon av tid, disiplin, tenking, lesing, analyse, å gi slepp, å gi blaffen for deretter å ta seg sjølv i nakken, kan i det lange løp kallast driv.
– Kva les du elles for tida?
– Bøker om kompost og grønnsakdyrking og frøformering ligg overalt i huset for tida, og når eg ikkje sit med nasa i dei, eller i Olivia Laings «The Garden Against Time. In Search of a Common Paradise», er eg utandørs i denne villaste av vekstmånadane og driv på. Elles les eg i Thea Selliaas Thorsens eineståande gjendikting av Ovids «Metamorfosar» og dessutan Lauren Groffs briljante «Matrix».