Til Vasaland
Vasas flora och fauna liknar ikkje noko anna. Denne veka fyller debuten ti år.

Ein septembermorgon i fjor sa faren min at han synest det var heilt utruleg at eit band med eit namn som Vasas flora och faunakunne ha ein utanlandskarriere. Kvelden før hadde eg høyrt folkpoptrioen spela for eit djupt hengivent publikum på Landmark i Bergen, og var gått frå utsliten til nærmare euforisk, om enn på ein melankolsk måte. No har vel ikkje desse finlandssvenskane nokon enorm utanlandskarriere, men pappa hadde eit poeng: Det er ikkje eit bandnamn som rullar av tunga, det er ikkje snappy og Some-venleg. Det er, som bandet sjølv, hyperlokalt. Det er, som bandet sjølv, språkleg kompromisslaust, ganske sært og ganske vanskeleg å gløyma.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent