Det har skjedd noko med Fredrik Solvang, leiaren for Debatten på NRK. Han er like fin i tøyet og like atletisk i figuren som før, men ikkje så tøff i trynet, ikkje så innstilt på full kontroll. Førre tysdag, då adopsjon av utanlandske barn var oppe til debatt, stod han med ansiktet dirrande mellom smil og gråt mens han fortalde at han som spedbarn var blitt kidnappa frå den sørkoreanske familien sin og overlaten til eit norsk par som ikkje hadde den minste aning om kva dei var med på. Dei gav han eit liv som han aldri kunne fått som fattiggut i Asia, og eit eksistensielt dilemma med på kjøpet: Ville det ikkje likevel vore best både for han og den biologiske familien om han var blitt verande der?