Stedfortrederkrig
Utanriksredaktør Ole Øyvind Sand Holth kommenterer i Klassekampen 10. april bruken av omgrepet ‘stedfortrederkrig’ i omtale av Ukrainakrigen. Poenget i denne diskusjonen er etter mitt syn at tilhengarane av den såkalla liberale retninga i internasjonal politikk (inkludert Biden) vil nekte for at dette aspektet er ein del av krigen, mens både tilhengarar av den såkalla realistiske retninga i internasjonal politikk (inkludert Trump) og kritikarane av amerikansk imperialisme heile tida har sagt at dette er eit aspekt ved krigen. På venstresida har diskusjonen stått mellom dei som ser ‘stedfortreder’-aspektet som så sentralt at dei ikkje vil støtte den ukrainske motstanden med våpen, og dei som meiner at dette aspektet er underordna Ukraina sitt behov for våpenhjelp i forsvarskampen mot ein angrepskrig frå Russland. For venstresida bør det ikkje vera verken overraskande eller sjokkerande at Trump og amerikanske generalar har fokus på geopolitiske sider ved krigen, og gir blaffen i det ukrainske folket sitt ønske om demokrati og nasjonal sjølvråderett.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent