Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at det gror godt i den litterære underskogen om dagen. I alle fall er det ei slags omplanting på gang. For medan forlag som Jæren, Selja og Vega kastar inn handkledet, dukkar det opp nye småforlag som gir ut omsett litteratur. Rykta seier at Meteor Forlag snart er klar med si tredje utgiving, og nyleg dukka danske Bjørn Rasmussens debutroman opp på norsk frå nye Svejk forlag. Denne veka kom ein bris av sørstatsgotikk frå nystarta Briskeby forlag, i form av Flannery O’Connors debutroman «Klokt blod» (1952). I løpet av året lovar dei titlar av DeLillo og Mishima, så, jo, det gror så smått og godt i underskogen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?