Gjenta, gjenta, gjenta
Sidan 2000 har 193 norske kvinner blitt ofre for partnardrap. Dei må ikkje drukna i statistikken.
Ei natt for eit par veker sidan vakna eg av eit hyl utanfor leilegheita. Det var ei mørk og ei lys stemme som snakka høgt og skreik om kvarandre. Ganske vanleg i Bergen sentrum (både natt og dag), men dei gav seg ikkje, og det var ein intensitet der som gjorde at eg stod opp og titta ut. «KOR EEEEE DUUU», ropte ei snøvlete mannsstemme, liksom leikent. «EG FINNAR DEG TIL SLUTT!» Utanfor såg eg ikkje ei sjel. Det blei stilt, og eg la meg igjen. Så kom eit gjennomtrengande kvinneskrik, og eg spratt opp, men det var framleis ingen i sikte. Eg gjekk ut i stova, prøvde å sjå frå alle vinklar, men nei. Det velta seg i magen. Skulle eg gå ut? Skulle eg ringa politiet? Og seia kva? «Hei, det er nokon som leiker gøymsel utanfor leilegheita mi, men – nei, høyr då – »? Eg blei ståande ei stund og speida, men alt var stille. Kanskje det berre var fyllaflørting. Eg la meg igjen, under tvil.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent