Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Oslo i helga var alle t-banestasjonane fulle av folk i gule vestar som stod og kukelurte på plattformene. Kvar gong eg passerte Majorstua, stod det ein gjeng på fem–seks vakter i ein sirkel og prata med kvarandre og slo i hel tid. Dette er ikkje vanleg. Vaktene er kalla inn for å halde styr på dei store folkemassane som skulle kome seg til den store folkefesten i Holmenkollen og attende. I fjor var det 30.000 menneske som tok seg ut i marka for å sjå på dei tradisjonsrike skirenna, og det var det arrangørane tok utgangspunkt i, då dei mønstra politi og vakter i hopetal. I år synte det seg ifølgje Aftenposten at berre 5–600 tok turen. Difor har ikkje t-banestasjonane vore fulle av folkemassar, men av malplasserte og einsame ordensvaktar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?