Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Noveller

Mot­bakkar

Sjølv etterlivet liknar ein psykiatrisk institusjon hos Simen Holm.

Livskriser: Simen Holms novellepersonar blir tilbakestilt til opprinneleg oppsett. Foto: Julie Pike
Noveller

Simen Holm

Fabrikkinnstillinger

Gyldendal 2025, 202 sider

Det er i motbakke det går oppover», heiter det i vår særnorske tradisjon for positiv tenking. Eg ville ikkje ha formulert meg slik til personane i Simen Holms noveller, for dei er traumatiserte, sjukemelde, institusjonaliserte, rusavhengige eller har alt forlate dette livet. Det seier mykje om dette litterære universet at sjølv etterlivet liknar ein psykiatrisk institusjon med ulike avdelingar. Tittelen «Fabrikkinnstillinger» peikar altså mot vanskelege oppvekstar, men også livskriser som fungerer som tilbakestilling til opprinneleg oppsett: Når jobb, helse og status er skrella vekk, er det ikkje stort anna enn kropp, kjensler og tankekøyr igjen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen