Motbakkar
Sjølv etterlivet liknar ein psykiatrisk institusjon hos Simen Holm.


Simen Holm
Fabrikkinnstillinger
Gyldendal 2025, 202 sider
Det er i motbakke det går oppover», heiter det i vår særnorske tradisjon for positiv tenking. Eg ville ikkje ha formulert meg slik til personane i Simen Holms noveller, for dei er traumatiserte, sjukemelde, institusjonaliserte, rusavhengige eller har alt forlate dette livet. Det seier mykje om dette litterære universet at sjølv etterlivet liknar ein psykiatrisk institusjon med ulike avdelingar. Tittelen «Fabrikkinnstillinger» peikar altså mot vanskelege oppvekstar, men også livskriser som fungerer som tilbakestilling til opprinneleg oppsett: Når jobb, helse og status er skrella vekk, er det ikkje stort anna enn kropp, kjensler og tankekøyr igjen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent