Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arne Garborg ville neppe ha vore nådig om han brått vakna i januar 2025. Samstundes kunne han som ingen annan gjeve oss håp.

Med Trump og Musk på Skarekula

EIT VERK FOR MØRKETIDA: Haugtussa er eit stykke litteratur som, diverre, synest meir aktuelt i dag enn for 130 år sidan, skriv forfattaren. Her ser vi Kjersti Tveterås som Veslemøy, på veg inn i mørket etter sviket frå sin kjære Jon. Foto: Erika Hebbert/Nationaltheatret

Det er mørk og kald januar. Eg sit og skriv på eit føredrag om forfattaren Arne Garborg. Nyhende rullar i bakgrunnen. Eit uvêr er på veg mot Sør- og ­Austlandet. Snart kjem ein ny storm inn frå vest.