Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

Amatør­erfaring

85 års røynsle med bambus og rosin.

Heime: Einar Økland fotografert heime i Valevåg i Sveio kommune, i 2020. Foto: Paul S. Amundsen

Det er ikkje der eller der som er viktig – det er kven du er», seier Einar Økland til Agnes Ravatn når ho frettar han ut om korleis det var å flytte frå Oslo til Valevåg i si tid. I eit opptrinn frå boka «Verda er ein skandale» (2017) står han og trampar i bakken for å få skremt fram nokre flyndrebarn som har rota seg opp i ein bekk, slik at den lokale turgruppa skal få ta dei i augesyn. Han er oppslukt i landskapet og seg sjølv, fullt oppteken med å formidle flyndrefaget til dei kulturinteresserte mosjonistane han guidar i turlaget; at halve laget har forlate han for å sjå det eigentlege målet for turen, Kolerakyrkjegarden i Leirvåg, ansar han ikkje. «Den som ikkje kan ha det godt med seg sjølv, er ufri», slår han seinare fast til Ravatn.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?