De rettsløse
(Noreg, 2024) Regi: Lena-Christin Kalle Dokumentar/ 1t. 17min./ Kino
Lena-Christin Kalles innhaldsrike dokumentar «De rettsløse» er eit velredigert samandrag av 14 års journalistisk gravearbeid i og rundt statens handsaming av dei såkalla tyskarjentene. Filmen er tradisjonelt, journalistisk sett saman av arkivmateriale, private brev og foto og notidige intervju, men kjeldene er eineståande.