Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Danskane blir flyktningar i «Familier som våre».

Danmark druknar

Reisa eller bli? Gjennom den unge klimaflyktningen Laura gjev «Familier som våre» eit varsku til privilegerte menneske om å evaluera kva som er viktig i livet. Foto: NRK

Familier som våre

(Danmark, 2024) Regi: Thomas Vinterberg Manus: Thomas Vinterberg og Bo Hr. Hansen Drama/ 7x50 minutt/ NRK TV og NRK1

Når Thomas Vinterberg debuterer som tv-seriedramatikar, har det stor interesse. Det har òg den aktuelle premissen for serieforteljinga: klimakrisa og kva følgjer eit stigande havnivå kan få for Danmark. Vinterberg tar som venta trugsmåla mot samfunn og samhald på største alvor utan å ta frå folk all framtidsvon.