Blake Lively og Justin Baldoni har reist konkurrerande søksmål i ei tilspissing av ein svært offentleg krangel mellom dei om kva som skjedde under innspelinga av «Det ender med oss». Dei to skodespelarane speler hovudrollene i filmen, som Baldoni også regisserte.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Dødsdrifter: Lily-Rose Depps Ellen og Emma Corrins Anna kjenner begge dragnaden frå havet og døden som kjem seglande per skip i «Nosferatu». Foto. UIP
Nosferatu
(USA, 2024) Regi og manus: Robert Eggers Skrekk/ 2t. 12min./ Kino
Bram Stokers «Dracula» er den mest kjende av ei rekkje, kulturelt innflytelsesrike vampyrforteljingar i gotisk litteratur. Publisert så seint som i 1897, er romanen om den blodsugande greven ei oppsummering av moralske og religiøse hovudmotiv i gotisk skrekk så vel som ei skildring av borgarlege normer i det seinvictorianske samfunnet. Det unge paret i sentrum av handlinga er den nyutdanna advokaten Jonathan Harker og den vakre Mina, som blir hans kone og forsørgjaransvar. Heile dramaet blir utløyst av at den ambisiøse Jonathan tar på seg ei forretningsreise til Transylvania for å tekkast ein eksentrisk, adeleg klient, som har kjøpt eigedom i London og vil ha skøyta overlevert og underskrivne før han emigrerer til sin nye bustad. Under eit marerittliknande opphald i ei isolert borg ute i villmarka, endar Jonathan med å signera eigedomspapir som liknar meir på ei djevelpakt.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Evakuert: Aleinemora Rita (Saoirse Ronan) sender motviljug sonen George (Elliott Heffernan) vekk frå bomberegnet i London. Foto: Apple TV+
Blitz
(Storbritannia, 2024) Manus og regi: Steve McQueen Drama/ 2t./ Apple TV+
London-Blitzen er skildra i tallause dokumentarar og spelefilmar. Meir presist er det myten om blitzen som har vorte repetert. Myten fortel at nasjonal motstandsånd og heltemot gjorde londonarane i stand til å halda ut den lange, tyske terrorbombinga frå 7. september 1940 til 11. mai 1941: Keep Calm and Carry On, som slagordet heitte. Men til liks med annan krigspropaganda, er ikkje myten om samhaldet under biltzen heilt sann. Det er den underkommuniserte røynda Steve McQueen skildrar i mor-son-portrettet «Blitz».
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.