Av alle dei urimelege ting kristendomen vil ha meg til å tru på, er barnet i krybba det verste. Kven ville ta ein unge som ho med fare for sitt eige liv nettopp hadde pressa ut or kroppen sin, og leggja han frå seg i mjølrestar og høyrusk? Det måtte vera ein som allereie var død, som ei ung jente hadde fødd i dulsmål og teke livet av før han rakk å skrika. Ho ville berre gøyma han under høyet til ho fekk områdd seg. For dette måtte aldri i verda nokon få vita.
Å kalla einannan horesøner er ein velkjend mannleg mobbemetode.
Barnet ved barmen
Solveigs salt