Kjærlighet
(Noreg, 2024) Regi og manus: Dag Johan Haugerud Drama/ 1 t. 59 min./ Kino
I 2024 har Noreg fått eit filmverk vi ikkje har sett make til. På eitt og same år har Dag Johan Haugerud lansert dei tre parallelt produserte langfilmane «Sex», «Drømmer» og «Kjærlighet». Filmane, alle med handling lagt til dagens Oslo, er sjølvstendige forteljingar, men estetisk og tematisk samanbundne.