Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Einsame slektningar blir henta inn i kjernefamilien av rein plikt.

I julemørket

No mot juletid må me alle passa på at me ikkje går i fella, men passar oss for den. Og i desembernummeret til Kirkens Bymisjon åtvarar Elisabeth Rodrigues mot å samla feil folk til feil tid og på feil stad. For det er ikkje alltid ribbesvoren som skaper mest stress. «Det er om onkel Per kommer til å bli full igjen, eller om tante Randi kommer til å få et nytt sammenbrudd under julemiddagen.» Kanskje, skriv Rodrigues, bør slike «fjerne og kompliserte slektninger» sleppa å bli inviterte. Så kan mor og far i same slengen skåna barna for endå eit juletraume.