Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Amerikansk film- og tv-bransje er i den sjølvgratulerande prissesongen, men nominasjonar og priskategoriar fortel òg sitt om indre strid i bransjen. The Hollywood Reporter melder at HBOs «Last Week Tonight With John Oliver», som med satirisk snert har kommentert aktuell politikk i årevis, er trekt frå Critics Choice Awards. Årsaka er at arrangøren ville flytta Oliver frå talkshow- til komediekategorien fordi han ikkje har samtalegjester. GK