Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Helene Uri rundar 60 år

Kvinne for sitt ord

Foto: Berit Roald, NTB

Me gratulerer Helene Uri med 60 år den 11. desember. Det er ikkje eineståande å vera synleg kulturperson, men å vera landskjend både som språkvitar og skjønnlitterær forfattar er eineståande. (Forresten, med samiske forfedrar i Finnmark er det ikkje er rart ho er lingvist.) På universitetsbiblioteket i Kristiansand vender ho bokryggar mot oss – ni på språkhylla og ni på hylla for norsk litteratur. På sistnemnde står populære forfattarar som Olaug Nilssen med ti, Erlend Loe med elleve – Helene Uri har altså rundt ti, på to ulike område.