Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Offentleg fattigdom i Norge?

Eg las med interesse Olav Elgvins kommentar i Klassekampen laurdag 16. november om offentleg fattigdom og privat rikdom i Norge. Det er utan tvil sant at Norge er eit rikt land (eitt av verdas to-tre rikaste). Samanlikna med dei fleste andre lang har også Norge eit høgt privat forbruk. Så hevdar Elgvin at Norge også er kjenneteikna ved offentleg fattigdom. Dette kunne vore retta opp ved å auke skattlegginga av dei rike, hevdar han. Og han samanliknar med Belgia, der marginalskatten er over 60 prosent, mens han i Noreg er 47,4. Dersom Norge hadde lagt seg på same skattenivå som Belgia, «ville vi hatt mer enn nok ressurser til å finansiere skoler og velferdtjenester, uten å tømme oljefondet».