Thomas Marco Blatt
Vekten av vindblåste trær
Dikt
Kolon forlag 2024, 69 sider
I bokas opningsdikt sit den som fører ordet ved sida av faren si seng på sjukehuset: «vi vet ikke om han hører oss.» Det er uklart om faren kjem tilbake til livet att, eller om han kjem til å døy. Og dette blir så inngangen til ei diktsamling som nok handlar om faren, men som framfor alt handlar om ungdomskameraten Magnus. Historia om Magnus er fortalt rimeleg kronologisk, men med to utmerkande hendingar. Den eine er ei reise dei gjer i ungdomsåra, til Japan for å driva med dykking. Den andre er historia om dei psykiske problema Magnus etter kvart får, og korleis han drar seg tilbake frå verda. Han stenger lyset ute frå rommet sitt, han nektar etter kvart å ta imot besøk. Og han gjer til slutt ende på det heile, med tau, i trappa i barndomsheimen.