I norske utgaver av «Onkel Toms hytte» er det ideologiske budskapet blitt tonet ned, hevder to litteraturforskere.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ein lite ærerik del av norsk etterkrigshistorie er blitt eit mektig drama på Nordland Teater.
Gravskjending i statleg regi
MeldingTeaterAmund Grimstad
Kodenavn: Operasjon Asfalt
Nordland Teater
Av: Stein Elvestad
Regi: Øystein Ulsberg Brager
Med: Stein Elvestad, Rune Løding, Kristoffer Hjulstad, Roger Opdal Paulsen, med flere
Under nemninga «War Travels» og i samarbeid med Bodø 2024, den europeiske kulturhovudstaden, har Nordland Teater dei siste åra sett opp fleire nyskrivne drama om andre verdskrig i Nord-Norge. Det har dreidd seg om slaget om Narvik i 1940, Majavatn-affæren hausten 1942, om NSB sin bruk av sovjetiske krigsfangar for å bygge Nordlandsbanen, og om dei mange fangeleirane med austeuropeiske slavearbeidarar.