Kreditt er viktig i ein økonomi, både på samfunns- og hushaldsnivå. I tidlegare historiske periodar har statar ofte styrt kredittflyten i samfunnet når det var behov for finansiering av krig, men også for meir konstruktive samfunnsprosjekt som omfattande bustadbygging og utbygging av velferdsstatar.
Sidan finanskrisa i 2008 har særleg ein bransje brukt gjeld til å endre samfunnet: private equity-industrien.