Ædnan
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš, Čoarvvuš, Kautokeino
Av: Linnea Axelsson Dramatisering og regi: Leif Stinnerbom
Med: Elin Oskal, Mary Sarre, Marte Fjellheim Sarre, Ingá Márjá Sarre med fleire.
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš har i år fått sitt eige nybygg, Čoarvemátta i Kautokeino. Det er teikna av Snøhetta, 70° N arkitektur og Joar Nango, og førsteinntrykket for denne meldaren (som også er arkitekt) var imponerande. Det er blitt eit vakkert og praktisk bygg som har to scener og topp moderne produksjonslokale, og det inneber sjølvsagt eit enormt løft for teateret.