Jan Erik Vold skreiv i Dag og Tid om ‘dei forfordelte’. Er det dei som får meir enn dei fortener? Mange trur dét. Men dette opphavleg tyske uttrykket handlar om det motsette. Og Jan Erik Vold kan det! I same nummer nemnde Jan Inge Sørbø ‘klokkartru’. ‘Klokkartrua på marknaden har den haken ved seg at ein gir frå seg styringa.’ Det er vel ‘klokketru’? Nei, så absolutt klokkartru. Det franske opphavet ‘clocher’ tyder klokketårn. Når ein kjem heimover og ser kyrkjetårnet i landsbyen, kjenner ein seg trygg.
Noko ros og noko korreks – altså ei normativ spalte.